Eg har sjekka litt i gamle bilbøker, eg meiner at dette
må vera ein Chalmer six - 30 Touring 1917 eller 1918 mod. Sjå vedlegg,
på bilde i frå 1917 så viser det at bilen har 6 hjulmuterar, på bilde
som du har er det 7 mutterar, elles så ser bilane veldig like ut.....?
I 1925 er eigar av bilen Orkdals Automobil A/S v. Grundt Orkdalsøren
og då er bilen oppført som drosjebil med reg nr: U -207.
1927 så er det eit selskap som heitte Orkla Autotrafikk a/s, Løken verk,
bilen er registrert som rutebil med reg nr U - 207.
Og i 1930 er det ein med namn (chauffør) Petter Solem som bilen står
oppført på, reg nr U - 207 er fortsatt det same, bilen er då registrert
sompersonbil.
|
|